Dini og damene: På treningsleir på Gran Canaria
Ideen dukka opp ein ufyseleg novemberkveld me var samla for å trena. Det var loddrett regn, vassrett regn og i tillegg oppsøkjande regn, vågar eg å påstå.
- For eit ver, no reiser me til Syden, føreslo ei av damene.
- Ja, når me har 10-årsjubileum stikk me, svara Dini, ho er vår faste utpiskar.
- Kven vert med?
Den kvelden ville alle vera med.
Av Marta Ringheim
Den 24. november 2006 kom 17 damer mellom 40 og 60 år og 1 mann (manager) til Flesland flyplass, heilt klar for Gran Canaria. Den 18. dama var alt på plass på øya.
Planen var at me skulle delta i Las Palmas Halvmaraton, men den vart flytta fram ei veke så der lurte spanjolane oss godt. No har det seg slik at vossadamer er ikkje så rådlause om andre klussar med terminlista deira. Skal me på løp, så skal me på løp så da fekk me laga vårt eige!
Men kvar? I området rundt Puerto Rico og Playa del Cura der me budde, var det få plassar som eigna seg, så me fór til fjells. Laurdagsmorgon drog to løypeleggjarar og fire frå kvalitetssikringskomiteen, som dei kalla seg, opp Rian-stien, til Norskeplassen der me hadde planlagt start og mål. Norskeplassen er ein palmelund som kommunen Mogan har gitt til fjellglade nordmenn og som Den Norske Klubben på Gran Canaria har ansvaret for. Der er det alltid mange turglade folk å treffa.
Løypetraseen på ca. 4,5 km vart bestemt, godkjent av kvalitetssikrarane og merka med raude kreppapirsløyfer, så alt var klart til løpet neste dag.
Sundagen kom med skyfri himmel, og dei 18 damene med manager tok seg til fjells, til utgangspunktet for løpet. Akkurat den dagen var det svært mange nordmenn som var på fjelltur og det dukka stadig opp fleire. Felles for dei alle var at dei undra seg storlegen på kva me dreiv med. Var me ein klasse frå ein folkehøgskule, lurte ein på. Han vart tilrådd nye briller.
Damer med startnummer svirra rundt med alskens førebuingar. Plassering av vassflasker, sveitteband, knyting av sko og ein aldri så liten tur ut i buskene (dei tålte godt litt vatning). Alle løparar kjenner til prosedyren før start. Klokka 11.00 lokal tid sendte manageren damene i veg, fordelt på tre klassar:
1. supersprek 3 rundar
2. svært sprek 2 rundar
3. rygg- og hoftepartiet 1 runde med individuelle tilpassingar
Nordmennene som var samla der, hadde god tid så dei stogga og vart etter kvart eit framifrå publikum som heia og klappa og skapte ei aldeles flott stemning. Damene trengde litt oppmuntring undervegs, for løypa var tung og sola steikte.
Ein time og tjue minutt seinare var løpet over og vinnarane kåra i dei tre klassane. Vår spanskstudent Oddny som hadde opphelde seg i Las Palmas nokre veker før me kom ned, og som også hadde fått med seg halvmaratonløpet der, hadde kjøpt inn premiar. Vinnarane fekk kvar sin keramikkfigur som førestilte urfolket på øya, guanchene.
Det var berre to ting som var obligatorisk på denne treningsleiren, løpet og banketten etterpå. Førebuingane til banketten og sjølve banketten kan vanskeleg skildrast. To ting er sikkert, damene er ikkje berre gode til å springa. Underhaldningsbransjen er vorten snytt for opp til fleire stortalent.
Treningsveka i kortbukse gjekk fort, styggeleg fort. Men med fyrste treningstur klokka 7.00 og neste i 5-tida om ettermiddagen rakk mange av oss også fjellturar, marknad, sol og bad og ein storbytur til Las Palmas.
Om 5 år har me trena ilag i 15 år så då vert det ny tur. Turkomité er i alle fall utnemnd.
Bli medlem i KONDIS og få hele 8 nummer i året med
KONDIS
Bladet for alle kondisjonerende
Les om alle medlemsfordeler og tegn abonnement!
FEBRUAR 2007
ÅRGANG 2007
KONDISARKIVET
Artikkelen fortsetter under annonsen